Hopp til hovedinnhold

Med det nye anlegget aukar Hydro resirkuleringskapasiteten i Noreg og svarar på den veksande etterspurnaden etter aluminium med lågt klimafotavtrykk. Resirkulering av aluminium treng berre fem prosent av energien som blir nytta i elektrolyseproduksjon av aluminium.

– Utsiktene i aluminiummarknaden er gode i eit Europa som skal gjennom det grøne skiftet, men i ei uroleg tid treng kundane føreseielege partnarar for dei grøne satsingane sine. Med denne investeringa viser Hydro at vi satsar på Høyanger som ein stabil leverandør av lågkarbonaluminium i tiåra som kjem. Det er viktig for Hydro, for Høyanger og for verda, seier konserndirektør Eivind Kallevik i forretningsområdet Aluminium Metall. 

I resirkuleringsanlegget vert aluminiumskrap, som har vore i bruk i alt frå bilar og bygningsfasadar til møblar og emballasje, smelta om til bruk i den vidare aluminiumproduksjonen til Hydro. Resirkulert aluminium bidreg til eit lågt CO2-fotavtrykk i aluminium, som gjer at kundane får lågare utslepp i verdikjeda og kan nå klimamåla sine. Anlegget er det første av denne typen i Noreg, med kapasitet til å resirkulere om lag 36 000 tonn brukt aluminium i året.

5A ved Høyanger skole vant førstepremie for kreativt design under konkurransen "Aksjon Gjenvinning" i 2023. I dag var de selvsagte gjester under åpningen av Høyanger Recycling. (Foto: Jens Christian Boysen/Hydro)

Hydro investerer i framtida til Høyanger 

Under den offisielle opninga klipte finansminister Trygve Slagsvold Vedum snora til eit anlegg som har skapt 21 nye årsverk hos hjørnesteinsbedrifta i Høyanger. Resirkuleringssenteret til 240 millionar er ei langsiktig investering som bidreg til å tryggje sysselsetjing og verdiskaping i samsvar med Hydro sine ambisjonar om grøn industriutvikling i Noreg. Samstundes er verket avhengig av tilgang på kvalifisert arbeidskraft for å halde hjula i gang. 

– Hydro Høyanger er eit godt døme på kva ein kan få til i ei lita bygd berre ein har trygge rammevilkår, kompetanse og nok fornybar kraft. Verket er ein framtidsretta arbeidsplass som skal bidra til livskraft i lokalsamfunnet i tiåra som kjem, men det krevjer óg at vi har dei folka vi treng for framtida. Difor er me mellom anna svært opptekne av å halde oppe utdanningstilbodet til den videregåande skulen i Høyanger. Det er den viktigaste kjelda til lærlingar for verket, seier fabrikksjef Ann Synnøve Øygård.

Kontakt

Abonner på nyheter og pressemeldinger fra Hydro